Kontroll av el-anlegg
Tenk å få utført noke som er så lite sexy men allikevel så vikt som ein kontroll av el-anlegget?
Det kan til og med vere ei lur investering. Kanskje det blir oppdaga feil før det blir ein alvorleg feil og kanskje forsikringselskapet ditt gjer deg rabatt om du har fått det utført. Når me utfører ein el-kontroll så tar me utfører me og termografering for å sjå ette varmgang i f.eks sikringskap osv.
Har du kjøpt nytt hus, leilighet osv der det før budde kanskje eit eldre ektepar så hadde dei ei heilt anna bruk av det elektriske anlegget enn du, om de f.eks er ein familie med 2 voksne og 3 barn. Det blir som om man går ifrå nesten kvilpuls til makspuls over natta. Og kor lenge du klarer å holde makspuls kjem heilt ann på kor godt rusta du er, slik er det med el-anlegg og.
Kanskje det er gamle skrusikringer i sikringskapet. Dei anbefaler me å skifta ut.
Ein typisk kontroll i ein bustad tar ca 2-3 timer med alt frå kontroll til rapportskriving.
Under her ser du eksempel på punkt som me sjekker og kva me anbefaler utført