Vår historie seier alt!

>> 1926: Konrad Risnes etablerte verksemda i 1926, ved navnet Konrad Risnes Elektrofirma. Dei første 10 åra var han aleine ute i felten, men i 1936 byrja Monrad Sylta også i firmaet.

>> 1947: Året 1947 kjøpte Konrad Risnes sin fyrste bil dette var ein bruktbil.

>> 1955: I 1955 kjøpte han  ein flettande ny Opel Olympia varebil. Før bilen kom på tunet var framkostmiddelet for Konrad og Monrad, enten hest og kjerre, båt, sykkel, motorsykkel, mjølkebilen eller drosje.

>> 1959: I 17. mai programmet i 1959 for Hordabø stod det, "Du snakkar med Konrad og trur det er Monrad, men nytten er den same, for båe har tame, i elektriski og montasje ". Forfattar: Bjarne Dåe.

>> 1968: Konrad Risnes Elektrofirma dreiv elektroinstallasjon rundt i heile Nordhordland i tillegg til område utanfor regionen. På midten av 60 talet vart verksemda utvida med 2 nye elektrikarar. På denne tida tok også Konrad si helsa til å svikta og i 1968 gjekk han bort.

>> 1974: I 1974 tok sonen Kristen Risnes og kona Grethe over drifta av verksemda. I mellomtida, frå 1968 og til 1974, dreiv Sigrid Maria, kona til Konrad, verksemda vidare på dispensasjon med Monrad som teknisk ansvarleg.

>> 1981: 28. april 1981, vart aksjeselskapet Risnes Elektro skipa. Og 15. oktober same år flytta elinstallatørfirmaet inn i nye lokale på Manger, med kontor, lager og butikk.

>> 1982: Frå 1982 var det 6 tilsette i verksemda og dette auka utover 80-90 talet.

>> 2006: I 2006 overtok sonen Konrad Risnes leiinga over drifta av verksemda. Han driv i dag og verksemda tel totalt 15 tilsette.