Velkommen til Risnes Elektro

Vi består av hyggelege og dyktige ansatte som alltid er klare til å hjelpe deg.

Me legg stor vekt på samarbeid med våre kundar gjennom heile prosessen. Frå planlegging til ferdigstilling, vil me jobbe tett saman med deg for å sikre at resultatet blir så bra som mogleg.

Våre dyktige elektrikarar hjelper deg gjerne med alt innan elektrisk installasjon, reparasjon og vedlikehald. Me er opptekne av å levere arbeid av høg kvalitet. Elektrikarane våre har lang erfaring og kompetanse innan bransjen, og er stadig oppdatert på nye teknologiar og trendar.

Me er stolte av å vere ein lærlingbedrift, og har alltid plass til nye lærlingar. Me ønskjer å utdanne og leggje til rette for unge menneske som ønskjer å føre arven vår vidare og skape seg ei karriere innan elektrikerfaget.