Kontroll av el-anlegg

Tenk å få utført noke som er så lite sexy men allikevel så vikt som ein kontroll av el-anlegget?

Det kan til og med vere ei lur investering. Kanskje det blir oppdaga feil før det blir ein alvorleg feil og kanskje forsikringselskapet ditt gjer deg rabatt om du har fått det utført. Når me utfører ein el-kontroll så tar me utfører me og termografering for å sjå ette varmgang i f.eks sikringskap osv.

Har du kjøpt nytt hus, leilighet osv der det før budde kanskje eit eldre ektepar så hadde dei ei heilt anna bruk av det elektriske anlegget enn du, om de f.eks er ein familie med 2 voksne og 3 barn. Det blir som om man går ifrå nesten kvilpuls til makspuls over natta. Og kor lenge du klarer å holde makspuls kjem heilt ann på kor godt rusta du er, slik er det med el-anlegg og.

Kanskje det er gamle skrusikringer i sikringskapet. Dei anbefaler me å skifta ut.

NEK 405

Me utfører kontrollen etter ein standard som heiter NEK 405, denne har heilt spesifikke krav til kvalifikasjoner og sertifikat til til installatør, til kontrollør og kva som skal kontrollerast. Kontrollrapport vert gjort tilgjengeleg for forsikringselskap via nettportal fgkontroll.

Ein typisk kontroll i ein bustad tar ca 2-3 timer med alt frå kontroll til rapportskriving.

Under her ser du eksempel på punkt som me sjekker og kva me anbefaler utført

Sikringskap med skrusikringer

Skrusikringer har funka i mange år men dei tilfredstiller ikkje dagens bruk av el-anlegg.

Så her anbefaler me å oppgradera til moderne Jordfeilautomater og overspenningsvern med avdekking som gjer att det ikkje er fare for å komme borti spenningsførande deler.

Etter ombygging

Sånn ser eit eldre sikringskap ut med nye jordfeilautomater og overspenningsvern.

El bil ladestasjon

El og hybrid biler må ladast via el billadestasjon, har du ikkje det montert så anbefaler me att du får gjort det. For vanlige stikkontakter er ikkje berekna for høg belastning over lang tid og kursen til den kan gjerne gå via takpunkt og andre koblinger i huset.

Har du el-bilader så tar me ein test av den når me er der.





Neste
Neste

2 av 3 branner starter i sikringskapet